SCORA TO: Adrian Nicolai Anhanger Solberg scora begge dei to måla då Sogndal sitt G19-lag tok seg vidare til 3. runde i cupen mot Hallingdal. Torsdag møter laget Nordstrand heime. (Arkivfoto)

I dag kan dei regjerande meistrane ta seg vidare i cupen

Torsdag møter G19-laget til Sogndal Nordstrand i cupen.

Publisert 27.06.2019 kl. 09.37.

Sogndal-juniorane vart noregsmeistrar i fotball sist sesong etter å ha slått Rosenborg 3-1 i finalen.


- Dette er vår beste prestasjon i junior-NM nokon gong. Det er så utruleg imponerande av denne gjengen her, sa trenar Rune Bolseth etter at laget hadde teke seg til finalen med siger over Viking.


Etter å ha slått Hallingdal 2-0 borte i andre runden 23. mai, har laget framleis moglegheit til å gjenta bragden frå i fjor. Men då må dei slå Nordstand som kjem til Sogndal i kveld for å spela 3. runde i G19-NM.


- Møt opp og støtt gutta mot Nordstrand, er oppmodinga på facebooksida til Sogndal Fotball.