PÅ PALLEN: Ove Fredheim frå Hafslo fekk plass på pallen etter hopping i K70 i Innsbruck 2020. F.v. Ove Fredheim, Hafslo og Noreg, Jack Gacienika, USA, og Kjell Iveland, Noreg. (Privat foto)

Hoppa seg til pallplass i Innsbruck 2020

Ove Fredheim fekk sølvmedalje under hopping i K70 i Veteran-OL i Innsbruck i dag. Men han er ikkje den einaste sogningen som hevdar seg.

Publisert 14.01.2020 kl. 21.00.

Hoppveteranane Jon Ove Lomheim og Ove Fredheim frå Hafslo er på plass i Innsbruck OL 2020. Tidlegare denne veka fekk Lomheim sølv i K38 i klasse G65-69. Slik vart det ein god start på meisterskapen for hafslobygdingane. 

Tysdag var det altså Ove Fredheim sin tur på pallen, med sølvmedalje. Hafslo idrettslag skriv på si Facebookside at Jon Ove Lomheim fekk ein flott 7. plass i si klasse i K70 tysdag, medan sunnfjordingen Nils Olav Kongsvik fekk 5.plass i si klasse.

Det blir fleire moglegheiter til medaljefangst for utøvarane dei neste dagane. Onsdag er det kombinert der Lomheim deltek, og torsdag skal Fredheim hoppa i 100- metersbakken.

OL for veteranar vert no arrangert kvart fjerde år, og det er i alt 12 tradisjonelle vintergreiner.

SØLVMEDALJE: Sølv vart det også på Jon Ove Lomheim i K38, klasse G65-69 i Innsbruck 2020. Og fleire konkurransar ventar. (Privat foto)

Les meir om: Sport Luster