FULLT HUS: Silja Fjærestad Hønsi skaut fullt hus på sprinten i Noregscupen i Østerdalen på søndag. Saman med Endre Wold skal ho delta i student-OL i Russland i mars.

Hønsi lada opp til OL med å skyta fullt hus

Silja Fjærestad Hønsi viser lovande takter framfor student-OL i mars.

Publisert 07.02.2019 kl. 10.57.

Jenta frå Vik hadde siktet på rett plass då ho deltek i Noregscupen i Østerdalen førre helg. På søndagens sprint skaut ho ned ti av ti blinkar, noko som gav 25.-plass i seniorklassen.


I tillegg fekk ho diplom frå Norges Skiskytterforbund (NSSF), og er medlem i den såkalla «nullerklubben».


- Dette lovar godt framfor student-OL, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik i skiskyttargruppa i Vik IL.


Student-OL, som også er kjend som Universiaden, blir arrangert i Russland i mars.


Totalt åtte utøvarar frå Vik var med i Østerdalen, der også Marius Årestrup Larsen markerte seg med ein sterk 16.-plass i 19-årsklassen.


Les meir om: Sport Skiskyting Vik