PARAPLYJUBEL: Håvard Flo tenkte at regn fekk vera regn då Akor Jerome Adams avgjorde på overtid mot Åsane. - Det var ein utruleg glede, seier han. (Foto: Rune Sjøberg)

Her er sportssjef Flo på veg inn på bana - med paraply

Håvard Flo klarte ikkje å halda kjenslene tilbake då Sogndal sikra sigeren på overtid mot Åsane.

Publisert 21.10.2018 kl. 19.38. Oppdatert kl. 19.54.

Flo følgde dagens kamp bak målet til Åsane-keeper Borger Thomas, frå eit område på asfalten mellom kunstgrasbana og Vestlandshallen.


Då Akor Jerome Adams sette inn sigersmålet på overtid tok kjenslene over for Sogndal Fotball sin sportslege leiar. Bilete frå kampen viser ein jublande Flo - med paraply - som er på full fart inn på bana for å feira saman med spissen.


- Det var ein reaksjon på at me fekk hol på byllen. Det var ein utruleg glede. Eg var på veg inn på bana til Akor, men heldigvis sprang han til cornerflagget før eg rakk det, slik at eg unngjekk å få irettesetting frå domaren, seier Flo.

JUBEL: Ferda til ein jublande Håvard Flo stoppa her. - Sigeren betyr ekstremt mykje, seier han. (Foto: Rune Sjøberg)

- Betyr ekstremt mykje

Sigeren gjer at Sogndal på det næraste er klar for kvalifisering om opprykk til eliteserien.


- Dette betyr ekstremt mykje, både for posisjonen vår, spelarane og oss alle. Sigeren gjev oss ein god giv inn mot Aalesund på søndag, seier Flo, som likte det han såg frå sogndølene på Myrdal Gress.


- Me spelte ein relativt god kamp i dag. Spelarane har fine involveringar, det blei mykje nesten, og dei vann heilt fortent til slutt. Det er sterkt å snu kampen etter å ha fått ein i trynet tidleg, seier han.


- Bensin i motoren

Som gamal spiss gler Flo seg litt ekstra over at 18-åringen Adams fekk sin første scoring for Sogndal då han blei matchvinnar.


- Dette vil vera bensin i motoren til Akor, og han kjem til å produsera mykje framover. Det er eg sikker på. Det blei gjort geniale byter i dag. Akor scora, og Joachim (Soltvedt) hamra utlikninga i krysset før han serverte målgjevande på 2-1, seier Flo.


Siste saker Gå til framsida