HELD FRAM: Jan Tore Slinde, som tidlegare annonserte at han skulle gje seg, har signert toårskontrakt og held likevel fram som Syril-trenar. (Arkivfoto)

Her er den «nye» Syril-trenaren

- Heldig vis kan me no annonsera at Jan Tore likevel held fram som trenar for herrelaget.

Publisert 25.11.2019 kl. 19.26. Oppdatert kl. 19.30.

Det skriv Syril på si facebookside like før kl. 19 i kveld.


Jan Tore Slinde, som har hatt stor suksess som Syril-trenar, annonserte tidlegare denne månaden at han skulle gje seg.


I ettertid har det vore knytt stor spenning til kven som skulle ta over etter suksesstrenaren.


Slinde tok over Syril for to år sidan. I sin fyrste sesong tok han dei gule og svarte opp til Kretsligaen på fyrste forsøk, medan han berga laget frå nedrykk denne sesongen.


Signert for to år

Måndag kveld vart det klart at Slinde likevel held fram som Syril-trenar, og at han signerer ein 2-årskontrakt.


- Grunnen til at han held fram er at me har fått på plass eit veldig sterkt og godt apparat rundt herrelaget, som vil bidra til vidare utvikling av herrefotballen i Syril, skriv idrettslaget.


Det var òg ei samla spelargruppe som ynskte at Slinde skulle vera med vidare.


Les meir om: Sport