GULL: Jon-Hermann Hegg kunne feira VM-gull saman med Benjamin Tingsrud Karlsen og Vegard Nordhagen natt til søndag. (Foto: Norges Skytterforbund)

Hegg med på laget tok gull i Sør-Korea

Det blei norsk gulljubel på Korea-halvøya i helga.

Publisert 09.09.2018 kl. 11.36.

Jon-Hermann Hegg var éin av tre skyttarar på det norske juniorlaget som tok gull i lagkonkurransen i luftrifle under VM i Sør-Korea natt til søndag norsk tid. Lærdølen skaut på lag saman med Benjamin Tingsrud Karlsen og Vegard Nordhagen.


Tingsrud Karlsen tok elles gull i den individuelle liggjande skytinga også.


VM blir arrangert fram til 15. september.


Les meir om: Sport Lærdal Skyting