GIFTIG: Sigurd Haugen hadde mål og målgjevande då Sogndal tapte 2-3 mot Brann i dagens treningskamp. (Foto: Rune Sjøberg)

Haugen plaga Brann - men det blei tap til slutt

Sogndal leia 1-0 og 2-1, men rauk til slutt 2-3 i søndagens treningskamp på Bømlo.

Publisert 09.06.2019 kl. 17.05. Oppdatert kl. 17.06.

Oppgjeret fungerte som ei slags generalprøve framfor cupmøtet mellom dei to laga om ti dagar, og sogndølene tok leiinga etter 25 minutt ved Sigurd Haugen.


Brann var farleg frampå like før, men i staden kontra Sogndal, der dei henta fram nokre presise pasningar i lengderetning, før ballen enda opp hjå Haugen som sikkert sette inn 1-0.


Uheldig Hetle

Men leiinga varte berre i to minutt.


Sogndal-keeper trudde ein lang ball gjekk over mål, men i staden trefte den tverrliggjaren, og landa hjå Gilbert Koomson.


Han dunka nådelaust inn 1-1.


Dette stod seg til pause, før Haugen igjen var involvert i scoring for Sogndal. Åtte minutt inn i andre omgang slo han presist inn frå høgre, framfor mål stod Eirik Schulze og heada kontrollert inn 2-1.


Sjølvmål avgjorde

Det blei etter kvart gjort ein del byte frå begge lag, og i løpet av det siste kvarteret snudde Brann tap til siger.


12 minutt før slutt skaffa Daouda Bamba straffespark, og ordna sjølv 2-2 frå kritmerket.


Berre tre minutt seinare blei ein anna innbytar, Alioune Ndour, pressa tøft av Brann-spelarane, og enda opp med å setja kula i eige nett til 2-3.


Onsdag 19. juni får Sogndal sjanse til revansje når laga møter kvarandre i tredje runde av cupen.


Dei to laga starta slik:


Sogndal (4-4-2): Håvard Hetle - Jonas Fredriksen, Per-Magnus Steiring, Stefan Antonijevic, Ole Martin Rindarøy - Sixten Jensen, Ulrik Fredriksen, Eirik Schulze , Joachim Soltvedt - Sigurd Haugen, Ulrik Flo


Brann (3-5-2): Håkon Opdal - Christian Eggen Rismark, Bismar Acosta, Vito Wormgoor - Gilbert Koomson, Kristoffer Løkberg, Ruben Yttergård Jensen, Petter Strand, Thomas Grøgaard - Henrik Kjelsrud Johansen, Veton Berisha