SOLOSHOW: Sigurd Haugen feirar den eine av sine to scoringar mot Strømmen. (Foto: Morten Sortland)

Hat-trick-Haugen herja med Strømmen då Sogndal vann sin andre strake

Sogndal vann 4-2 over Strømmen.

Publisert 16.06.2019 kl. 17.07. Oppdatert kl. 19.51.

Allereie før minutt var spelt fekk gjestene ein enorm dobbeltsjanse til å ta ei tidleg leiing.


Eit godt innlegg fann Andreas Hellum på bakre stolpe, han breisida ballen på direkte, men sette den rett på Mathias Dyngeland.


Returen gjekk ut på fire meter, der Stefan Antonijevic heada kula i stolpen (!) i eit forsøk på å klarera. Ballen kom ut i feltet på nytt, men så fekk Sogndal frispark og kunne pusta letta ut.


I angrepet etter gjekk eit Ulrik Flo-innlegg nesten via eit Strømmen-bein og i mål, og så gjekk ein perfekt Eirik Schulze-corner forbi fire mann som stod på rekkje og rad inne i fem-meteren.


Solo-Haugen

Deretter skjedde det ganske lite, fram til Sigurd Haugen gjorde som mot Sandefjord: scora etter ein soloprestasjon.


Spissen fekk ballen ute på høgresida, gav ei parkeringsbot til Strømmen-midtstopparen, skar inn i boksen og breisida inn 1-0 frå spiss vinkel.


Like etter heldt Sixten Jensen på å dobla då han skaut like utanfor frå 16,5 meter, og like etter der att gjorde Haugen sitt andre for dagen.


Han fekk ballen like utanfor boksen, sprang seg igjen forbi gjestene sine forsvarsspelarar, og sette sikkert 2-0 i nettet åleine med keeper.


Heimelaget heldt trøkket oppe i denne gode perioden, og midtveges i omgangen kom dagens tredje.


Ein halvklarering landa hjå Ulrik Flo, frå 18 meter fekk han god tid til å sikta og plasserte sikkert ballen i nota nede ved den høgre stolperota til keeper.


Reduserte

Etter pause ønskte sikkert Sogndal å halda fram i same stilen, men i staden fekk dei ein feil veg.


Dyngeland kom ikkje opp på ein corner, slik at Pål Steffen Andresen fekk stanga inn reduseringa til 3-1.


Dei neste 25 minuttane var så søvndyssande at verken kaffi eller sukker gjorde susen. Då skjedde det lite.


Men så var det denne Haugen då. I det 73. minutt fekk han ballen på høgresida, trekte seg innover i bana utan å bry seg så mykje om at han hadde ein motspelar framfor seg, og så fyrte han inn 4-1 i lengste hjørna frå 18 meter.


Seks minutt før slutt bomma Dyngeland i feltet på nytt, slik at Sivert Gussiås fekk redusera til 4-2.


Det var ein ruskete andre omgang, men Sogndal vann likevel sin andre siger på rappen i 1. divisjon, og er dermed oppe på niandeplass.


Siste saker Gå til framsida