TAMT: Kristoffer Hoven og Sogndal leverte ein tam første omgang mot Nest-Sotra. Etter pause blei det ikkje betre. (Foto: Rune Sjøberg)

Har ikkje vunne på fem kampar: Ny trist prestasjon frå Sogndal då det blei tap mot Nest-Sotra

Det enda 0-1 mellom Sogndal og Nest-Sotra.

Publisert 29.09.2019 kl. 17.03. Oppdatert kl. 20.50.

Dei første 180 sekundane av kampen hadde bortelaget ballen.


Sogndal såg ut til å ha ein plan om å straffa gjestene på overgangar, og fekk sjansen til det etter seks minutt: Schulze førte oppover i bana, og spelte fri Kristoffer Hoven inne i boksen.


Han sikta seg inn med breisida, men innan han avslutta kom ein Nest-spelar seg på rett plass, og fekk blokkert skotet.


Utanom dette skjedde det ikkje så mykje som det er verd å rapportera om, i ein omgang som karakteriserast på følgjande vis: tam.


0-1

Sogndal prøvde å ta litt meir kommando etter pause, men då timen var spelt small det i staden andre vegen.


Gjestene kontra, Tobias Svendsen blei spelt heilt fri inne i 16-meteren, og fekk ein enkel jobb med å breisida inn 0-1.


Den neste halvtimen skulle ein tru at det kom eit stormløp i jakta på utlikning. Det gjorde det ikkje.


Nest-Sotra tetta godt att bak, og hadde få problem mot re-inkarnasjonen av ordet fantasilaust.


Det enda 0-1.