NOCH EIN MAL: Det er tysk, og betyr igjen. For femte gang i årets sesong fekk Sogndal eit baklengsmål i kjeften før kvarteret var spelt. (Foto: Rune Sjøberg)

Gjekk på sitt fjerde tap: Sogndal har åtte poeng etter åtte serierundar...

Allereie etter seks minutt small det mot Nest-Sotra.

Publisert 16.05.2019 kl. 17.51. Oppdatert kl. 19.55.

Heimelaget tok leiinga etter å ha varta opp med eit fint angrep på fotballens nasjonaldag.


Ballen blei vridd frå høgre til venstre og attende til høgresida igjen, før eit perfekt innlegg fann Lee Sørensen på bakre stolpe.


Han avslutta vakkert på heil volley, og sette ballen borte ved den lengste stolpen til Mathias Dyngeland.


Fem minutt seinare skapte Sogndal sin første sjanse; Eirik Schulze fann Martin Ramsland med eit flatt innlegg på første stolpe, spissen avslutta på direkten, men sette ballen rett på heimekeeper Renze Fij.


I nettveggen

Dei neste 25 minuttane skjedde det lite.


Nest-Sotra prøvde å halda i ballen, Sogndal dunka den opp i forsøk på å skapa nokre situasjonar.


Det beste det førte med seg var ein del dødballar, utan at det gav grunn til å få stigande puls og hetetokter.


Etter halvtimen var det likevel nære at det gjekk. Martin Ove Roseth vrei mot bakre stolpe, der stopparmakker Per-Magnus Steiring banka ballen i nettveggen på volley.


Like etter skaut Roseth frå 33 meter. Over.


Utanom dette skjedde det lite i ein omgang som helst ikkje bør brukast til å skaffa nye tilhengjarar av sporten fotball.


...

Andre omgang?


Der skapte upresise Sogndal null og niks. På 45 minutt. Utanom nokre dødballar på slutten, då.


Nest-Sotra var nærast scoring, då dei hadde ein periode med mange hjørnespark og heldt på å scora etter ein halvvolley frå 16-meteren.


Det skjedde ikkje, og dermed står Sogndal Fotball med åtte poeng etter åtte serierundar i norsk 1. divisjon.