BEKMØRKT: Det skjedde lite i ein trist første omgang mellom Sogndal og Strømmen. Etter pause skar det seg fullstendig for sogndølene. (Foto: Rune Sjøberg)

Gigatabbe og nitrist offensivt spel då svake Sogndal rota det til mot botnlaget Strømmen

Sogndal leverte ein av årets svakaste kampar då dei rauk 0-2 mot svakt plasserte Strømmen.

Publisert 22.09.2019 kl. 14.25. Oppdatert kl. 19.02.

Allereie etter sju minutt fekk Strømmen ein enorm sjanse til å ta leiinga.


Eit langt og flatt oppspel segla tvers i gjennom Sogndal si midtbane og forsvar, slik at Kjell Rune Sellin kom heilt åleine med Mathias Dyngeland.


Han hadde god tid og gjorde det meste rett, men breisida ballen i stolpen frå ti meter.


Etter kvarteret fekk gjestene sin første sjanse. Eit brot høgt i bana gjorde at Tomas Totland kom seg rundt på venstre og fekk slått inn.


Framfor mål steig Alioune Ndour til vérs, men headinga gjekk rett på keeper.


Zzz...

Den siste halvtimen av omgangen skjedde det... ingenting.


Sogndal hadde grei kontroll defensivt på eit heimelag i poengnaud, men offensivt var det tynn suppe.


Eirik Bakke sine menn prøvde ein miks mellom tolmodig oppbygging og lange, direkte oppspel, men ingen av variantane gav resultat.


På langballane var duellspelet for svakt og ettertrykket stort sett fråverande, medan det blei for temposvakt og upresist


Gigatabbe

Lite skjedde det første kvarteret etter pause óg, før det skar seg fullstendig for Sogndal.


Eirik Lereng blei skadd, inn kom Stefan Antonijevic. Og etter kort tid på bana gjekk det gale.


Eit langt opppel frå keeper gjekk over heile bana. Dyngeland kom ut, Antonijevic hadde ein mann i ryggen. Han heada ballen hardt mot Dyngeland, som berre fekk ein hanske på ballen slik at den gjekk vidare forbi han.


Dermed var supertabben komplett, og Lasse Bransdal kunne enkelt setja 1-0 i ope bur.


2-0

Trudde du det var nok? Nei da.


Åtte minutt seinare tok Mustapha Achrifi corner frå venstre, og framfor mål stussa ikkje akkurat høgreiste Sellin inn 2-0.


Det var det. Dermed plukka Sogndal eitt poeng på dei to kampane mot svakt plasserte Skeid og Strømmen denne veka. No står laget utan siger på fire kampar.