Forlengjer samarbeidet med Sogndal fotball

Sogndal Fotball og Sognekraft har forlengja samarbeidet ut sesongen 2020.

Publisert 06.12.2018 kl. 15.16.

- Me er svært nøgde med at ein av våre største partnarar, Sognekraft, har forlengja sin samarbeidsavtale med oss dei neste to åra. Sognekraft er lik oss og våre verdiar på mange måtar. Me har eit felles mål om å utvikla regionen og gjera kvarandre gode, seier konstituert dagleg leiar Hilde Østbø.


- Som hovudsponsor er Sognekraft ein av våre største sponsorar også i sesongane 2019 og 2020.


Trude Undebakke, marknadssjef i Sognekraft er godt nøgd med at samarbeidet held fram.


- Sognekraft er og skal vera drivkraft i Sogn. Me støttar opp om både topp og breidde innan kultur- og idrettsliv i regionen vår. Sognekraft og Sogndal Fotball har store ambisjonar for regionen vår, og me har samarbeidd tett over mange år. For oss er det viktig at regionen vår veks og utviklar seg, og at Sogn vert sett på kartet nasjonalt. Her gjer Sogndal Fotball ein framifrå jobb, som me identifiserer oss med.


Les meir om: Sport Notis

Siste saker Gå til framsida