SIKKER PÅ STRAFFE: Kristoffer Hoven sende Sogndal i føringa frå straffemerket sju minutt før pause. Kampen enda 1-1. (Foto: Håvard Nesbø)

Flo kunne sikra sigeren, men prøvde seg på panenka-straffe og bomma

Det enda 1-1 mellom Sogndal og Sandefjord.

Publisert 15.09.2019 kl. 16.57. Oppdatert kl. 21.57.

Det skjedde ganske lite dei første 29 minuttane i regnvéret på Fosshaugane, men så kom det ein kontroversiell situasjon:


Ulrik Fredriksen prikka eit perfekt gjennomspel til Andreas Hoven, som kom inn i 16-meteren i stor fart. Ballen spratt, og det såg ut til at Sandefjord sin forsvarsspelar var framme med ein heilt tydeleg hands.


Men det ville ikkje domar Marius Lien vera med på, til stor frustrasjon for Sogndal-benken.


Schulze nære

Minuttet etter heldt Eirik Schulze på å gjera det i staden.


Joachim Soltvedt skrudde eit innlegg hardt og presist inn framfor mål, der kom Schulze på eit copyright-løp og stupheada ballen like utanfor den høgre stolpen til bortekeeper Jacob Storevik.


...Men så blei det straffe

Dette gav Sogndal blod på tann, og åtte minutt før slutt førte ein ny serie med hendingar til at det endeleg blei straffe.


Først blei Igoh Ogbu dytta i ryggen på bakre stolpe på eit innlegg. Truleg straffe. Det blei ikkje blåst, men i forlenginga av det same angrepet blei Ulrik Fredriksen riven ned, og då måtte domar Lien peika på kritmerket.


Frå 11 meter var Kristoffer Hoven sikker, og sette inn 1-0.


Utlikna

Fem minutt inn i andre omgang fekk bortelaget ein dobbelsjanse.


Frå skrått hald blei det avslutta rett på Mathias Dyngeland, returen gjekk ut sentralt, men den blei dunka høgt over på halvspretten.


20 minutt før slutt kom utlikninga. Ruben Alcaraz fekk etter litt om og men tak i ballen på fem meter, drog seg fri og banka inn 1-1.


Utruleg bom

Kvarteret før slutt burde Andreas Hoven gjort 2-1.


Kantspelaren kom plutseleg heilt åleine med keeper, og hadde heile målet å sikta på frå fem meter.


Men på utruleg vis klarte han å setja ballen rett på Jacob Storevik, i staden for å nytta seg av meterane som var ledige attmed han.


Panenka...

To minutt før slutt fekk innbytar Ulrik Flo straffe etter å ha blitt riven ned i feltet.


Han valde å ta den sjølv, og valde å gå for panenka-chippen, altså å chippa ballen midt i mål.


Kult og kjekt viss det går, arrogant og dumt viss det ikkje går.


Flo sitt forsøk gjekk i tverrliggjaren, returen heada han i mål sjølv, men den blei korrekt annullert då det ikkje er lov å scora på returen frå metallet på straffespark.


På overtid fekk Hoven ein enorm sjanse til å heada inn 2-1 heilt åleine på bakre stolpe, men han var iskald - på feil måte igjen - og bomma.


Enda djupare inn i overtida blei det nye sjansar inne på fem meter, men det ville seg ikkje og dermed enda det med poengdeling.