BEST: Monica Stedje var best i dameklassen. (Foto: Håvard Nesbø)

Fartsfylt jubilant

Ikkje overraskande var Arthur Brynjulfsen kjappast ned i årets utgåve av Heggmyri Rett Ned, medan Monica Stedje var raskast av damene.

Publisert 01.04.2017 kl. 20.47. Oppdatert kl. 20.51.
76 stilte til start under det tradisjonsrike skirennet som i år feira tiårs jubileum.
 
Vêret må ta noko av skulda for at ikkje fleire stilte til start. Men arrangøren er særs nøgd med gjennomføringa.
 
- Me er nøgd med dagen. Det var gode tilhøve i rask slushsnø og gode prestasjonar der deltakarane gav alt. Me håpar jo alltid på fleire deltakarar, men vêret får ta litt av skulda med lågt skydekke og yr i lufta. Men me klagar absolutt ikkje. Heggmyri Rett Ned er alltid moro uansett vêr, seier rennleiar Jan Sølve Haugen.
MORO: Jan Sølve Haugen var nøgd med årets renn. (Foto: Håvard Nesbø)

Seinka skuldrer

Haugen har vore med både i arrangørkorpset og som deltakar i alle dei ti åra rennet har vore arrangert. Mykje av grunnen er moroa.
 
- Heggmyri Rett Ned er ein konkurranse med litt seinka skuldrer. Det er rom for at alle som vil skal kunne delta, her er det ingen krav anna enn at ein må ha hjelm, ski eller snøbrett. At det er ein folkeleg konkurranse ser me på deltakarane, dei tre alderstrinna ligg jamnt fordelt i antal deltakarar.
 
I Heggmyri Rett Ned er det tre klassar: born, junior og senior. Dei minste startar ved mast sju, juniorar midt i det brattaste partiet av Tvangenløypa, og seniorane rett ovanfor toppunktet av skitrekket.

Konkurranseinstinkt

Om veret var ein dempar for dei som haldt seg heime kan ikkje det seiast å ha hatt innverknad på deltakarane. Fullt fokus, strålande humør og kameratsleg dyst er fellesnemnaren. Ja, for å ikkje nemna når ein passerer startpinnen, då er det alvor for dei fleste. 
 
-Dei fleste som deltek er faste brukarar av Sogn Skisenter. Såleis kjenner ein kvarandre. Spesielt i blant den eldre garde er det eit skyhøgt konkurranseinnstinkt. Om ein ikkje siglar inn til ein førsteplass så er det godt nok om ein vinn over kompisen over målstreken. Så litt prestisje er jo det opp i det heile, avsluttar Haugen.
 
 
Les meir i papirutgåva av Sogn Avis måndag.

Les meir om: Sport Fjellsport Luster