ØNSKA: Eirik Bakke skal vera ønska av eliteserieklubben Haugesund. (Arkivfoto)

Eurosport: Eliteserieklubb ønskjer seg Bakke

Haugesund skal ønska seg Sogndal-trenar Eirik Bakke som ny hovudtrenar.

Publisert 03.01.2019 kl. 16.03. Oppdatert kl. 16.27.

Det skriv Eurosport.


Haugesund må på trenarjakt etter at det tidlegare i dag vart klart at duoen Eirik Horneland og tidlegare Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland forlet klubben for å bli trenarar i Rosenborg.


I følgje Eurosport står Eirik Bakke høgt på ønskjelista til eliteserieklubben.


Terje Rognsø, nytilsett dagleg leiar i Sogndal Fotball, seier til Sogn Avis at han berre har lese om saka, og ikkje er kjend med interessa frå Haugesund.


Det har ikkje lukkast Sogn Avis å få kommentar frå Eirik Bakke.


Les meir om: Sport Sogndal Fotball