ENDRING: Kvalifiseringssystemet for opprykk frå 1. divisjon til eliteserien blir endra frå komande sesong. (Foto: Endre Romøren)

Endrar kvaliksystemet for opprykk til eliteserien

No blir det meir attraktivt å koma høgare på tabellen i 1. divisjon.

Publisert 11.03.2019 kl. 13.59.

Fotballtinget vedtok på søndag ein ny kvalifiseringsregel for opprykk frå 1. divisjon til eliteserien.


Dei to øvste laga rykkjer som kjend direkte opp. Laga som endar på 3. til 6. plass spelar kvalifisering mot kvarandre om retten til å møta lag som blir nummer 14 på øvste nivå til dobbelkamp.


Tidlegare har lag nummer tre møtt nummer seks, fire har møtt fem, og så har vinnarane derfrå spelt ein "1. divisjonsfinale". Med andre ord; laga har spelt like mange kampar uavhengig om dei enda på 3. eller 6. plass.


Endring

Slik blir det ikkje lenger.


Framover skal lag nummer fem møta lag seks. Vinnaren der møter nummer fire, og vinnaren derfrå møter nummer tre - på deira heimebane. Vinnaren her møter eliteserielaget.


Endringa betyr at det vil vera stor skilnad på å bli nummer tre og nummer seks, då vegen fram for sistnemnde lag blir mykje lenger.


Forslaget blei vedteke med 203 mot fem stemmer.


Siste saker Gå til framsida