LITE: Ulrik Flo og Sogndal skapte lite i dagens bortemøte med HamKam på Briskeby. (Foto: Rune Sjøberg)

Ein stille aften på Hamar: Det enda mållaust for Sogndal

Det skjedde ikkje all verda på Briskeby denne vakre onsdag ettermiddagen.

Publisert 08.05.2019 kl. 17.17. Oppdatert kl. 20.27.

HamKam fekk dei første halvsjansane i den heller rolege første omgangen onsdag ettermiddag.


Allereie etter to minutt beina midtstoppar Ulrik Flo eit oppspel rett til ein heimespelar, slik at dei kvite og grøne fekk angripa inn i boks. Jean Alassane Mendy kom til avslutning, men Mathias Dyngeland redda den greitt.


Fire minutt seinare prøvde Jonas Enkerud seg frå ti meter etter fine kombinasjonar, men igjen var Dyngeland på rett plass og fekk ein hanske på kula.


Treningskamp?

Deretter skjedde det null, niks og nada i OL-land, der oppgjeret mest minna om ein treningskamp: Labert tempo, variabel kvalitet og så lite publikum at dei som faktisk var til stades kunne høyra alle samtalane ute på bana.


I det halvtimen var spelt heldt det på å gå gale. Denne gongen var det Ulrik Fredriksen som kløna det til med eit oppspel, slik at HamKam fekk koma to mot to.


Heldigvis for Sogndal somla dei litt, slik at Mendy måtte skyta frå noko spiss vinkel, og dermed kunne Dyngeland redda igjen.


Éin sjanse

Sogndal sleit lenge med rørsle og rytme, og kom seg oftast i nærleiken av siste fjerdedelen etter å ha lukkast med presset sitt.


Etter 38 minutt fekk dei sin einaste sjanse i den estetiske nytelsen av ein første omgang: Ein god kontring enda opp med at Ole Martin Rindarøy slo inn frå dødlinja, på seks meter kom Eirik Schulze og avslutta på direkten, men skotet gjekk rett på keeper Lukasz Jarosinki.


Nesten

Fem minutt etter kvilen kunne Per-Magnus Steiring roa frynsete gjestenerver då han fekk heada fritt på ein corner frå Steffen Ernemann, men nordlendigen sikta for høgt, og ballen gjekk over tverrliggjaren.


Deretter skjedde det null den neste halvtimen, fram til HamKam var nære ved å ta sigeren fire minutt før slutt. Eit frispark blei skrudd presist inn framfor mål, og frå god posisjon heada Ole Erik Midtskogen utanfor.


På overtid kunne Sogndal rappa dei tre poenga: Sigurd Haugen slo glimrande inn til Alioune Ndour, men han skaut utanfor frå to meter.