MANGE: Over 600 tilskodarar sat ringside då Kaupanger slo Tromsdalen og sikra opprykket. (Foto: Arkiv)

Dette var den åttande best besøkte damekampen

Over 600 var på plass då KIL-damene sikra opprykket.

Publisert 30.12.2017 kl. 17.00. Oppdatert kl. 12.18.

Kaupanger sin kvalifiseringskamp heime mot Tromsdalen var den åttande best besøkte damekampen (klubbkamp) i Norge denne sesongen. 607 tilskodarar var på plass på Kaupanger stadion då Kaupanger 29. oktober sikra opprykk til 1. divisjon. Det skriv haugenfotball.no.


Berre to seriekampar i Toppserien har hatt fleire tilskodarar enn Kaupanger sin kvalifiseringskamp mot Tromsdalen. Dette er Vålerenga - Kolbotn (3541 tilskodarar) og Sandviken - Medkila (1009 tilskodarar). Den mest beøkte klubbkampen for damer i årets sesong var cupfinalen mellom Avaldsnes og Vålerenga med 5.656 tilskodarar.


Les meir om: Sport Kaupanger fotball