GOD KAMP: Eirik Bakke fekk sjå sitt Sogndal gjera ein god kamp i møtet med eliteserielaget Kristiansund på Marbella onsdag.

Det enda mållaust, men Bakke har god grunn til å smila likevel

Sogndal beit frå seg i møtet med eliteserielaget Kristiansund på Marbella onsdag.

Publisert 13.03.2019 kl. 16.20. Oppdatert kl. 17.08.

Sogndølene produserte fleire feite målsjansar, og burde minst scora to gonger i oppgjeret med laget til Christian Michelsen.


- Me tok tak i kampen, og var hakket kvassare enn dei. Heile gjengen stod opp saman, og me sprang dei i stykkjer etter kvart. Det skjedde fordi me torte å variera mellom å spela og slå langt, og heile gjengen stod opp saman. Dette var ein kamp me burde vunne med eit par mål, seier Eirik Bakke etter dei mållause 90 minuttane.


Haugen i stolpen

Etter 11 minutt burde det første målet kome: Sigurd Haugen jobba til seg ballen frå Kristiansund-forsvaret, kom åleine med keeper og dunka ballen hardt i stolperota.


Sju minutt seinare var det nære på igjen, då Soltvedt og Birkelund kombinerte før førstnemnde sende ein volley like over mål.


Midtveges i omgangen var laget frå Nordmøre nære på då dei kom åleine med Kjetil Haug, men sisteskansen fekk hanskane på skotforsøket.


Halvtimen ut i kampen regisserte Sivert Mannsverk det til då beste angrepet i matchen, då han slo ein perfekt vekta gjennombrotspasning til Ole Martin Rindarøy. Han fann Soltvedt inne i bana, som avslutta halvmeteren utanfor på direkten.


Enorm Soltvedt-sjanse

Lite skjedde begge vegar dei første 25 minuttane etter pause, før Sogndal plutseleg var nære på igjen.


Først skaut Eivind Helgesen like utanfor frå 20 meter, deretter fekk Soltvedt ein enorm sjanse til å få ballen i nettet: Sixten Jensen serverte på sølvfat frå høgre, slik at bergensaren blei ståande heilt åleine på ti meter.


Men i staden for å dunka til med venstre la han ballen over på «feil» fot, og breisida den svakt over.


Kort tid etter der att fekk Kristiansund eit mål annullert for offside, og så var Haugen nære på å ein heading frå fem meter blei stoppa av KBK-keeper Sean McDermott.


- Ekstrem svolt

Dermed er Marbella-opphaldet snart over for denne gong. Bakke likar det han ser.


- Eg ser ein ekstrem svolt i gruppa, det har eg gjort sidan me byrja att i januar. Dette er ein gjeng som vil opp og fram. Det lovar godt. Me er solide, og viser i kamp det me jobbar mot på trening. Me er i ferd med å få inn ein måte å spela på, og at me skal gjera det slik uansett om me møter Kristiansund eller Rosenborg. Me skal ha lyst til å dominera kampane, og framover vil relasjonane bli betre og betre, seier Bakke.


Det einaste han sakna i dag var dei nemnde måla.


- I serien må me vinna desse kampane, når me er sopass mykje betre enn motstandaren. Der må lista liggja. Me må utnytta sjansane og tilløpa til sjansar endå betre. Men eg ser konturane av det laget eg har lyst til å ha, seier Bakke.