1-0: Eirik Schulze sendte Sogndal i føringa då 19 minutt var spelt av dagens heimekamp mot Kongsvinger. Kampen enda 2-1. (Foto: Morten Sortland)

Debutanten Hoven scora på straffe og sikra ein krutviktig siger for Sogndal

Det enda 2-1 til Sogndal over Kongvsinger.

Publisert 25.08.2019 kl. 19.15. Oppdatert kl. 21.27.

Sogndal opna slurvete dei første fem minuttane, men spelte seg likevel til kampens første sjanse: Joachim Soltvedt slo presist inn frå venstre, framfor mål sprang debutanten Kristoffer Hoven seg fri, men han var litt ute av balanse då han skulle avslutta, og heada over mål.


Kort tid seinare fekk same mann ein ny sjanse inne i boksen, men denne gongen stressa han i skotaugneblinken, og sleiva ballen utanfor.


Schulze på rett plass

Sogndal styrte kampen fullstendig på dette tidspunktet, og fekk betalt etter 19 minutt.


Soltvedt slo igjen presist inn framfor mål frå venstresida, denne gongen lågt, der kom Eirik Schulze på eit perfekt tima løp og breisida inn 1-0.


Seks minutt seinare var det små marginar som hindra 2-0. Denne gongen avslutta Soltvedt sjølv, då han fekk ballen på direkten på 16 meter. Treffet på ballen var så reint som det kan bli, men diverre small kula i stolpen.


Ti minutt før pause burde Sogndal scora igjen. Schulze løfta fint 45 grader ut i feltet til Andreas Hoven, men volleyforsøket frå sju meter var av det ureine slaget, og rann ut i sanden.


Utlikna

Det skjedde lenge lite etter pause, men så kløna Sogndal det til for seg sjølv.


Ulrik Fredriksen såg ut til å ha full kontroll på eit langt oppspel til Markus Aanesland, men enda i staden opp med å vera for sikker, slik at han fekk gitt vidare til Adem Güven, som lett kunne gjera 1-1.


Eit svært unødvendig baklengsmål, i ein kamp der heimelaget hadde hatt full kontroll fram til dette.


Åtte minutt seinare heldt det på å gå fullstendig gale då same Güven parkerte Tomas Totland og kom åleine med Dyngeland, men keeperen var nok i vegen og fekk stoppa spissen, som ville ha straffespark i situasjonen.


Debutanten scora

Det såg ut til å ebba ut i uavgjort, men fem minutt før slutt skjedde det: Sogndal fekk corner, det blei heada, og ein Kongsvinger-spelar var borti ballen med handa.


Det betydde straffespark, og Kristoffer Hoven tok ansvar. Eit nervepirrande augneblink, men han heldt seg roler og breisida ballen hardt til høgre for keeper til 2-1.


I ein ellevill sluttfase spelte Kongsvinger-keeper Ali Ahamada spiss, men det heldt inn og Sogndal vann den viktige sekspoengskampen.