NY SCORING: Sigurd Haugen sende Sogndal i føringa mot Skeid då elleve minutt var spelt.

Brennheite Haugen med nytt hat-trick då Sogndal vann sin tredje strake

Sogndal vann 4-2 over Skeid heime på Fosshaugane Campus.

Publisert 23.06.2019 kl. 11.47. Oppdatert kl. 20.53.

Berre elleve minutt var spelt då Sigurd Haugen skaut Sogndal i leiinga med sitt sjette seriemål på tre kampar.


Kim Skogsrud prøvde å rydda opp i eige forsvar under press, men enda opp med å servera ballen på sølvfat til Haugen med ein heller grusom tversoverpasning inne i eigen 16-meter.


Spissen takka og bukka, og trilla inn 1-0.


Så gjekk Skeid rett i angrep, fekk frispark på 20 meter, som Mesut Can elegant skrudde over muren og i nettet til 1-1.


Straffebom og superbom

Like etter der att dundra bortelaget igjennom, der Skeid-spissen blei felt av Per-Magnus Steiring inne i boksen.


Det blei straffespark, som Can blåste himmelhøgt over.


Det skjedde mykje i denne hektiske fasen, og etter 19 minutt burde Ulrik Flo ordna 2-1.


Haugen vende opp inne i boks, ballen enda opp hjå Flo, som totalt upressa klarte å breisida ballen utanfor frå fem meter.


At hendingane skulle halda fram med å koma på løpande band på denne måten ville vore unaturleg, så det skjedde ikkje heller.


I den siste halvdelen av omgangen gjekk begge laga i batterisparemodus, der det skjedde svært lite. På overtid kunne Sogndal fått ein god sjanse etter eit godt Sixten Jensen-innlegg, men Ole Amund Sveen valde ein variant av avslutning og pasning med headinga, og dermed rann det heile ut i den imaginære sanden.


Draumekontring

Minuttet etter pause fekk Flo ein ny feit sjanse inne i boksen då han kom fri åleine med keeper, men denne gongen brukte han for lang tid og skotet blei blokkert.


Like etter der att fomla Skeid-keeper Idar Lysgård med ballen, mista den, og laga straffespark då han felte Stefan Antonijevic i eit forsøk på å få tak i den att.


Frå elleve meter gjorde Haugen jobben, og sette inn 2-1.


Sju minutt seinare kom 3-1, etter ein perfekt kontring. Tomas Totland dundra oppover høgresida, skar inn i boksen - han kunne avslutta sjølv, men slo i staden perfekt bak att i feltet, der Jensen kom stormande og breisida ballen i ope mål.


Etter ein times spel varta Mathias Dyngeland opp med ein fantomredning då Henning Andresen vart spelt gjennom Sogndal-forsvaret. Skotforsøket blei redda meisterleg av Sogndal sin sisteskanse.


Spenning og hat-trick

Eit kvarter før slutt sørgja gjestene for meir spenning i kampen. Sogndal med stygg feilpasning i dei bakre rekkjer og ballen enda opp i beina på Hassan Mohamed Yusuf som banka ballen i venstre kryss. 


Slik spenning ville ikkje den giftigaste spissen i 1. divisjon om dagen ha noko av. To minutt etter reduseringa var nemleg Sigurd Haugen frampå igjen og auka leiinga til Sogndal. Toppscoraren var både kald og frekk då han chippa ballen elegant ned i venstre hjørne, og sørgja for sitt andre hat-trick på rad. 


Dette var hans åttande scoring på dei tre siste seriekampane! 


Haugen si frekke 4-2 scoring var også den siste som kom på Fosshaugane denne søndagskvelden, og heimelaget tok med denne sigeren eit langt steg nærare kvalik. 


I skrivande stund ligg Eirik Bakke sine menn på 8. plass på tabellen med 17 poeng, berre to poeng bak Start på 6. plass.


Siste saker Gå til framsida