ATTENDE: Marius Bøe er attende i Sogndal Fotball, og går inn i rolla som assistenttrenar.

Bøe attende i trenarteamet til Sogndal: - Det er perfekt å få jobba med unge, svoltne og gode spelarar

Sogndal gjer nokre siste endringar på trenarteamet før oppkøyringa tek til denne veka.

Publisert 14.01.2020 kl. 14.46.

Årets trenarteam blei presentert i Sogn Avis førre veke, der det gjekk fram at Rune Bolseth tek steget opp og blir assistenttrenar, medan Terje Skjeldestad både skulle vera sjef for utviklingsavdelinga og vera ein del av teamet rundt a-laget.


Slik blir det likevel ikkje.


Bøe kjem inn

No er det klart at Skjeldestad går heilt ut av trenarteamet, og i staden kjem Marius Bøe inn som assistent saman med Bolseth.


Balestrendingen var trenar under Bakke i perioden 2015-2017, før han gjekk over i ei rolle som trenarutviklar i NFF Sogn og Fjordane. I tillegg har han hatt ulike engasjement på aldersbestemte landslag.


- Det er ekstra spennande å jobba med eit så ungt lag som me har no. Eg likar utfordringar, og då er det perfekt å få jobba med unge, svoltne og gode spelarar. Eg har vore med landslag på frå G15 til G19, og har bra ballast med å jobba med spelarar i det segmentet. Difor er det full klaff å få vera med denne unge gjengen. Det triggar meg skikkeleg. Me skal byggja opp denne gjengen, og 1. divisjon er ein perfekt arena for dei å utvikla seg vidare på, seier Bøe.


 


Tett dialog

Bøe fortel at han har halde dialogen med Bakke etter at gjekk over i fotballkretsen.


- Eg trur me tre blir eit spennande team, med ulike kvalitetar som utfyller kvarandre. Då Eirik spørte var eg sjølvsagt klar til å bidra. Det er eit stort uforløyst potensiale her. Eg gler meg til å koma ut på feltet å jobba, seier Bøe, og takkar fotballkretsen og familien for at dette let seg gjera:


- Eg må takka Svein Olav (Myklebust) og kretsen for at dei løyste dette. Heime måtte me snu kvardagen på 14 dagar, så eg skuldar ein stor takk til ho eg bur saman med også.


Nøgd Bakke

Trenar Bakke omtalar signeringa av Bøe slik:


- Marius kjenner me godt frå før, og han kjem inn med mykje internasjonal kompetanse og erfaring. Det er veldig kjekt å ha han tilbake, seier Bakke til klubbens nettsider.