TO NYE ÅR: Eirik Bakke har forlengja Sogndal-kontrakten med to nye år. (Foto: Håvard Nesbø)

Bakke har skrive ny toårskontrakt med Sogndal

Eirik Bakke held fram som trenar for sogndølene.

Publisert 13.09.2019 kl. 15.38. Oppdatert kl. 15.42.

Den noverande avtalen hans gjekk ut etter årets sesong, men er no forlengja til ut 2021-sesongen.


- Me har ei gruppe med unge, svoltne spelarar no, eg ser potensiale i denne gjengen og hadde veldig lyst til å vera med på vegen vidare, seier Bakke i ei pressemelding frå klubben.


- Veldig motivert

42-åringen leia Sogndal til opprykk i 2015, og heldt plassen i eliteserien året etter.


I 2017 blei det nedrykk, medan det enda med fjerdeplass i 1. divisjon i fjor. Etter 21 serierundar i år er Sogndal nummer seks.


- Det har vore fem spennande og lærerike år, både med oppturar og eg har kjent på motgang. Me har gått nokre runder, eg ser at det kan bli veldig spennande framover. Eg er veldig motivert for å dra denne gjengen vidare. No har me fått dette på plass, og me kan leggja planar for framtida, seier Bakke.


- Kontinuitet

Styreleiar Tor Arne Ness seier dette om re-signeringa.


- Me er veldig glade for at Eirik er klar for ein ny periode i Sogndal. Det gir oss kontinuitet, og me ser at me har noko spennande på gang med ei ung, lovande spelargruppe som har teke tak utover i sesongen. Klubben er i omstilling på mange område, og det er godt å få avtalen med Eirik på plass for den vidare planlegginga. Samstundes er me på veg inn i ei spennande sesongavslutning, og det er viktig at det sportslege apparatet får halda fokus på det framover, seier han.