NØGD TRENAR: Eirik Bakke var nøgd etter 3-0 sigeren heime mot HamKam laurdag. (Foto: Rune Sjøberg)

Bakke: - Me har ein draum om å spela i eliteserien og den draumen lever framleis

Eirik Bakke hyllar spelarane sine etter laurdagens siger over HamKam.

Publisert 02.11.2019 kl. 19.32. Oppdatert kl. 19.53.

- Me må sjå kor me var for nokre veker sidan og kor me er i dag. Me har ein draum om å vera i eliteserien og den lever framleis. Det er moro å sjå spelarane utpå bana om dagen, seier Eirik Bakke og held fram:


- Eg sa til gutane at me måtte vinna dei siste fem kampane. No har me vunne tre og står med ein uavgjort før siste serierunde. Me er i bra form og det skal me byggja vidare på.


Klatra opp på femteplass

Med laurdagens 3-0 siger over HamKam klatra Sogndal opp på femteplass på tabellen med 45 poeng, like mange som KFUM, som har den viktige fjerdeplassen. Og det er nettopp KFUM som er motstandar i siste serierunde neste helg.


- Alt er opp til oss sjølv om me får den fjerdeplassen eller ikkje. Skal me ha eit mål om å rykkja opp, må me bli numme fire trur, eg.


Bakke har den siste tida sendt ut eit meir rutinert lag i ein 4-2-3-1 formasjon. Det har gjeve resultat.


- Det er moro å sjå at fleire byrjar å finne forma. Me har nettopp spelt ein god kamp og dette er oppladinga til det som ventar neste helg. Me må halda fram slik me har gjort, nemleg å gå ut der å visa at me er eit godt fotballag, seier Bakke, som gler seg til neste helg når alt skal avgjerast. 


- Me har jobba oss inn att i playoff, men om me ikkje gjer jobben neste helg så kan me vera ute att. 


På Intility arena møter Bakke sine menn eit ballsikkert og godt KFUM-lag.


- Det blir ei tøff nøtt for oss å knekka, men me er i bra form og eg merkar at svolten i spelargruppa er der.


- Må få lufta meg

Det har storma rundt trenaren dei siste vekene etter at han tok bladet frå munnen etter 4-0 sigeren over Jerv. Då sa Bakke at han var lei av låg interesse og sutring. Etter sigeren over HamKam var det ein blid Bakke som møtte pressa.


- Eg tykkjer det var eit fantastisk oppmøte på Raufoss sist helg og det var betre på Fosshaugane i dag enn mot Jerv. Me treng all støtte me kan få og eg veit at folk bryr seg og elskar Sogndal, bygda og klubben.


- Men eg håpar at folk engasjerer seg endå meir slik at Sogndal igjen blir eit samtaleemne rundt lunsjbordet på måndagane. Så får eg stå i det eg har uttalt. Det ligg ein del ting der som klubben ikkje må skyva under teppet.


- Og for min del var det viktig å få blæsa ut litt. Eg er ein person som ikkje kan gå inne med for mykje. Då må eg få lufta meg litt. Men i dag lova eg sponsorane før kampen att eg skulle vera litt blidare om me vann, og det er eg, smiler Bakke.