GOD STØTTE: Det var mange Sogndal-tilhengjarar som tok turen til Raufoss søndag kveld. (Foto: Rune Sjøberg)

Antonijevic takka publikum: - Dei viste kjærleik til klubben

Stefan Antonijevic fann god trøyst i støtta frå publikum etter det skuffande uavgjortresultatet mot Raufoss.

Publisert 27.10.2019 kl. 21.30.

Ei talrik mengd Sogndal-tilhengjarar hadde teke turen til Nammo stadion, og stod att og sang også etter kampslutt.


- Wow. Det var flott å sjå at så mange kom, og eg vil takka alle. Dette viser at det er mange som bryr seg, og desse viste verkeleg kjærleik til klubben. Me treng dei meir enn nokon gong, og når du høyrer dei slik får du lyst til å gje endå meir ute på bana, seier Antonijevic.


 


Sjølvmål

Han fekk ein tung start på kampen, då han heada ballen i eige nett allereie etter fem minutt.


- Eg var redd for at det kom nokon bak meg, så då prøvde eg å heada den over tverrliggjaren. Uheldigvis gjekk den i nettet. Det var ikkje starten me ønskte, og min feil kosta oss sigeren, seier amerikanaren, og legg til:


- Einaste måten Raufoss kunne scora på var viss me gjorde det for dei. Det skjedde.


 


Utanfor topp seks

Trenar Eirik Bakke oppsummerte det slik:


- Det er eit skuffande resultat. Me mista sigeren dei første fem minuttane, og det er alltid tøft å koma seg attende når ein hamnar under mot slike lag. Me hadde ei litt rotete veka inn mot kampen med berre 10-11 på trening grunna europacup, eg veit ikkje om det var årsaka til at me ikkje fekk nok trykk. Me sleit med kvaliteten med ballen, seier Bakke.


Dermed er sogndølene nummer sju i det to rundar står att av sesongen.


- Poenget kan bli viktig, viss dei framfor oss snublar. No har me ikkje den fjerdeplassen me har lyst på i eigne hender lenger, seier Bakke.