PROFFKONTRAKT: Nils Tore Krosshaug gler seg stort over at Adrian Solberg og Anders Nord har signert proffkontrakt med Sogndal. (Foto: Endre Romøren)

Anders (19) og Adrian (19) signerte for Sogndal: - Dette har vore målet heile livet

Anders Nord (19) og Adrian Solberg (19) har begge skrive proffkontrakt med Sogndal.

Publisert 19.12.2019 kl. 15.00. Oppdatert kl. 17.02.

- Dette har vore målet mitt heile livet. Det er artig at den draumen går i oppfylling, seier angriparen Nord.


Han og Solberg har vore sentrale brikker på juniorlaget som har levert sterke prestasjonar både nasjonalt og internasjonalt dei siste to åra.


Onsdag nådde dei ein ny milepæl, då dei sette pennestrøka på sine første proffkontraktar - gjeldande ut 2021-sesongen.


- Det er kjekt å få sjansen til å visa om eg har noko å gjera på dette nivået. Eg har fått sjukdom og skadar på uheldige tidspunkt tidlegare, så det er ekstra godt å klara det no, seier midtstopparen Solberg. 


Motivert av Hove - og gode trenarar

Dei to 2000-fødde spelarane har spelt på lag saman heile livet, og fortel at ein tidlegare lagkamerat fungerte som motivasjonsfaktor til å ta steget heilt opp:


- Johan Hove fekk kontrakt som 15-åring, så då fekk me lyst på det óg. Då var det berre å jobba på, og satsa på at det gjekk til slutt, seier Solberg.


- Johan viste kor lista låg, og så bestemte me oss for å prøva, seier Nord.


Duoen trekkjer óg fram trenarane dei hadde i ung alder som avgjerande faktorar:


- Me hadde Stig Nord og Magdalon Sætre frå me var seks til 14 år. Dei la eit fantastisk grunnlag for heile gjengen. Utanom trening var me ein gjeng som spelte i hallen heile tida, og me "pusha" kvarandre fram heile vegen, seier Solberg.


- Har teke ansvar

Ei anna viktig brikke i utviklinga til dei to er Nils Tore Krosshaug.


Han har hatt ansvaret for Nord og Solberg på Sogndal 2 og juniorlaget det siste året, og bidrege til å løfta dei det siste steget.


- Det er ikkje noko som gler meg meir enn at våre eigne lokale får sjansen. Eg blei kjempeglad då eg høyrde det, og det er fantastisk at spelarane oppnår draumen sin. Det er kjekt for dei, foreldra og klubben, seier Krosshaug, og peikar på følgjande grunn til at dei to har utvikla seg endå meir i 2019:


- Dei har teke ansvar for eiga utvikling, og forstått at det er opp til dei sjølv å klara dette. Dei har vakse både som spelarar og personar, og blitt leiarar på laget. Det er honnør til dei når motstandarane slår ballen vekk frå der Adrian er, medan dei må setja både éin og to spelarar til å passa på Anders. Det viser at dei har teke steg.


- X-faktor

Han er spent på kva dei to kan bidra med i 1. divisjon komande sesong.


- Anders er ein spelar som er lett å bli glad i. Han er ein tryllekunstnar med ballen, og har ein x-faktor som kan utgjera skilnaden. Det er lenge sidan klubben har hatt ein spelar med slike ferdigheiter, eg trur me må attende til Tommy Øren og Anders Stadheim for å finna liknande, seier "Krossen".


Solberg skal kjempa med karar som Igoh Ogbu, Ulrik Fredriksen og Eirik Lereng om speletid i midtforsvaret.


- Han har fått god ballast med spel i NM, skandinavisk og Youth League, slik at han veit kva som skal til. Han er ein dedikert gut, og passar godt inn i den unge gruppa som er der oppe no. Eg håpar han held fram med å gå i front, slik han har gjort til no, seier Krosshaug.