Aktiv romjul med Grendacup

Born mellom ni og 13 år konkurrerte mot kvarandre i Sognahallen.

Publisert 31.12.2018 kl. 11.03. Oppdatert kl. 11.26.

Over 100 born deltok i årets Grendacup.


Styrte sjølve

Laga var sett i saman av born frå same grend. Deltakarane starta laga og styrte med innbytte av spelarar sjølve.


Grendacupen vart arrangert av Geir Inge Heggestad frå Sogndal Fotball.


Foreldre stillte opp med kiosk for dei oppmøtte. Det var og mange foreldre, besteforeldre og søsken som hadde teke turen for å heie på spelarane.


Vinnarane

I finalen for jentelaga vann Kaupanger United over Team Systrond.


Finalen for gutelaga var det Kvåle Mix som vann. Dei spela mot Dalavegen United.


Sjå bileteserie over.


Les òg: Gode deltakartal for tradisjonsrike turneringar


Les meir om: Sport Sogndal