STIPEND: For fjerde gong fekk idrettstalent i Vik stipend frå Highsoft. Her er nokre av stipendmottakarane samla. (Pressefoto)

22 unge vikjer fekk stipend: - Me er stolte av utøvarane

Highsoft vil støtta utvikling av talent og engasjement.

Publisert 02.01.2020 kl. 06.15.

Highsoft har oppretta eit årleg stipend der unge utøvarar frå idrettslaga i Vik kommune kan søkja, og i år var fjerde gongen dette stipendet vart utdelt.


- Me er stolte av dei unge idrettsutøvarane i Vik, og vil gjerne dela vår suksess for å støtta vidare utvikling av deira talent og engasjement, melder verksemda i ei pressemelding.


Dei som har fått stipend i år er: Abed Almor, Andrine Fjærestad Aase, Bartosz Mariusz Szwed, Erlend Fjærestad Aase, Frederick Nahayo Kwihangana, Idar André Tenold-Saglien, Imran Khan, Jakub Szwed, Jun Hillestad Jacobsen, Martin Stadheim, Mathias Stokkebø, Oda Alice Stokkebø, Sondre Skjerven, Torgeir Heimdal Aase, Vilde Andersen, Eirik Marius Rinde, Jens-Henrik Hegg, Lasse Virkesdal, Maria Bertine Sleire Tistel, Marius Larsen og Henrik J.F. Holmberg.


Les meir om: Sport Vik