FINALEKLAR: Kristin Husum frå Leikanger skyttarlag skal skyta finale under Landsskyttarstemnet i Evje onsdag. (Foto: Jørn Njøs)

13 sogningar skal skyta finale på landsstemnet i dag

Desse skal i aksjon.

Publisert 07.08.2019 kl. 10.40. Oppdatert kl. 11.44.

Det blir skote banefinalar på Landsskyttarstemne i Evje i dag, der 13 sogningar har kvalifisert seg til å vera med i det beste selskapet.


I klassen 3-5 gjorde Helene Johansen Vikøren frå Årdal det skarpt tysdag, og var berre eitt poeng frå Kongelaget etter å ha skote seg til 244 poeng.


Den same summen fekk Vegard Solhaug (Aurland), medan Arnhild Eiken (Leikanger) fekk 243 og Ole Bjarne Hovland (Knipenborg) og Jon-Hermann Hegg (Hegg) begge enda på 241.


Gode ungdomar

Den yngre garde skal også i aksjon i løpet av dagen, der tre er med frå klassen rekrutt.


Her har aurlendingen Henning Vikesland med seg 246 poeng frå kvalifiseringa, medan systrendingane Jørgen Humlestøl Njøs og Ingrid Husum har 245 og 244.


Frå eldre rekrutt kjem Kristin Husum (Leikanger) og Kine Haugsplass (Aurland) begge med 250 poeng, i tillegg skal Sølve Njøs Eikeland (Leikanger, 246), Tor Kristian Dulsvik (Sogndal, 246) og Jens-Henrik Hegg (Hegg, 248) skyta frå seg i juniorklassen.