TAKKA KONA: Eitt av dei største høgdepunkta i karrieren til Olav Kjos-Wenjum kom i 2011, då han fekk den prestisjetunge Nikken-prisen under cupfinalen på Ullevaal. Etter utdelinga takka han kona: - Sigrid har halde ut med meg i 56 år, og gjeve meg lov til å driva med det eg har lyst til. Ho har vore veldig tolmodig, og slik sett er det ho som skulle hatt denne prisen, sa «Kjosen» den gongen. Han blei 84 år. (Arkivfoto: Svein Ove Ekornesvåg, NTB Scanpix)

- Olav var den fremste spelarutviklaren i fylket

Olav Kjos-Wenjum blei 84 år. Han lèt etter seg tydelege spor over heile fotballfylket, i form av 40 kunstgrasbaner og 120 ballbingar.

Publisert 20.02.2018 kl. 09.33. Oppdatert kl. 09.38.

- I sogndalsmiljøet blei Olav ofte omtala som den fremste spelarutviklaren i Sogn og Fjordane, i samband med at han var ein gjennombrotshissig entusiast når det gjaldt å få etablert fotballbaner i fylket. Han hadde ingen problem med å møta opp på det eine ordførarkontoret etter det andre for å forklara kvifor bygdene måtte ha baner, fortel dagleg leiar i Sogndal Fotball, Yngve Hallén.


- Utruleg engasjert

«Kjosen» sovna inn på Lærdal sjukehus fredag. Han blei 84 år.


Mannen blei kjend som «ballbingemisjonæren», og lèt etter seg tydelege spor i heile fotballfylket, då brorparten av dei 40 kunstgrasbanene og 120 ballbingane i Sogn og Fjordane kom på plass i hans periode som leiar i anleggskomiteen i fotballkretsen.


- Han var utruleg engasjert, og noko av det artigaste han visste var då han fekk vera med på opningane av ballbingane. Å sjå aktiviteten var hans løn. Olav var ærleg og oppriktig engasjert rundt dette med oppvekstforhold for born og unge, seier dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust.


Sjeldan vare

Kjos-Wenjum kom inn i fotballkretsen i 1973, og var styremedlem, nestleiar og leiar før han gjekk inn i anleggskomiteen i 1992.


Sidan har han blitt heidra både med kretsens gullmerke, Kongens Fortjenstmedalje og Nikken-prisen.


- Det kjem ikkje mange menneske av denne typen, som dedikerer livet sitt til dugnadsarbeid og frivillig arbeid for andre. Det er langt mellom slike, seier Myklebust.


Hallén er inne på det same:


- Fotballen har vakse mykje i heile landet - jentefotballen er éin av grunnane til det, medan den andre er den fantastiske anleggsutbygginga som fotballen har stått i bresjen for sjølv. Der var Olav ein av dei verkeleg store pionerane, seier den tidlegare fotballpresidenten.


Handlingas mann

Myklebust fortel at Kjos-Wenjum heldt engasjementet gåande heilt til det siste, og at han framleis tok turen innom kretskontora så lenge beina var samarbeidsvillige.


- Han ville vita kva som skjedde, og fekk tilsendt info. I jula hadde han ein ringerunde til ulike folk for å halda seg oppdatert. Og han var involvert i oppstartsprosessen rundt dei to nyaste kunstgrasbanene i fylket, i Atløy og Solund, som opna i fjor, seier Myklebust.


Han skildrar eldsjela som handlingas mann:


- Ingenting kunne stoppa han. Viss han tykte at noko gjekk tregt, så gjekk han gjerne og banka på døra heime hjå ordføraren. Han var rett fram, og tok ikkje eit nei for eit nei. Slikt kjenneteiknar folk som får til ting.


Nistepakke på ferja

Tempoet var høgt då Kjos-Wenjum var på pilegrimsferder rundt om i fylket, og då var det berre for passasjerane å hengja seg på - uansett om dei var lokale karar eller høge herrar frå NFF sentralt.


- Olav planla reisene frå då han gjekk ut av døra på Hafslo. Køyretid, lengd på møta, alt. Difor blei det sagt at det var panikk blant dei andre for å svelta i hel på desse turane, humrar Myklebust.


«Berginga» blei ferjestrekningane.


- Kona Sigrid sende med han nistepakker og termos. Dermed fekk alle brødskiver og sveler frå Hafslo på ferjene.


Og nettopp kona er ein viktig faktor i virket til «ballbingemisjonæren», meiner Myklebust.


- Når du har menneske som jobbar og reiser så mykje, så må nokon andre ta tak i heimen. Dei hadde gard og mange ungar heime, og Sigrid har nok teke sin del av børa i den samanhengen.


Les meir om: Sport Fotball Luster Sogndal