BORTESIGER: Kim Andre Stokke sette to ballar i nettet då Kaupanger vann 4-1 på bortebane mot Dale.

- Midtbana la ned 65 kilometer

Dale blei for små for Kaupanger.

Publisert 03.08.2019 kl. 17.56.

Kaupanger opna haustsesongen med å vinna 4-1 på bortebane mot Dale i 4. divisjon laurdag.


- Det var ein fantastisk laginnsats. Midtbana vår la sikkert ned 65 kilometer i denne varmen, det er sterkt gjort. Me var tolmodige i alt me gjorde, gode med med ballen då me hadde den, og alt det kollektive med skyving og press sat slik det skulle, seier trenar Ørjan Hjellhaug.


Heimelaget gjekk tidleg i føringa då Bendik Bye scora allereie etter sju minutt, men det var ikkje lenge Nordfjord-Adam var i paradis.


12 minutt seinare utlikna Kim Andre Stokke, då han lukta eit innlegg frå Rune Åberge og fekk ekspedert ballen forbi heimelagets keeper.


Langskot

Fem minutt før kvilen kom 2-1. Severin Halland fekk ballen langt ute mot sidelinja, med valde å banka til og sette kula i ein boge over keeper og i nettet.


Kort tid etter pause ordna Trond Vegard Ripe 3-1 på straffespark, og eit lite kvarter før slutt var Stokke på rett plass igjen og scora sitt andre for dagen til 4-1.


- Me trengte ein bra start på haustsesongen, etter ein ikkje altfor bra avslutning på våren. No er det berre til å halda fram med å levera gode kampar framover, seier Hjellhaug.


Tap for Høyang

Tidlegare same dag tok Høyang turen ut av sommardvalen - utan at dei klarte å gje aluminiumsstorebror Årdal FK hjelp i opprykkskampen - då dei rauk 0-3 heime mot Førde.


Vegard Gjermundstad, Bernt Norevik og Brage Sandvoll scora måla til gjestene frå Sunnfjord.