Vogntogsjåførar droppa bilbelte

Publisert 29.01.2018 kl. 12.51.

Statens vegvesen hadde torsdag kontroll i Lærdal og Årdal der dei mellom anna sette søkjelys på bruk av bilbelte. Fire av dei ti vogntogsjåførane som vart kontrollerte, fekk gebyr for å ikkje bruka bilbelte. Vegvesenet opplyser at det var ei jamn fordeling mellom norske og utanlandske sjåførar.


- Dette er noko me ikkje er tilfredse med, opplyser Bjarte Frækaland i vegvesenet.


Alle dei kontrollerte personbil- og varebilsjåførane var flinke med beltebruken, går det fram av kontrollrapporten.


 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Årdal