Vogntog fekk problem over Hemsedalsfjellet

Publisert 16.09.2019 kl. 09.36.

Eit utanlandsk vogntog køyrde måndag morgon i grøfta to kilometer sør for Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet, opplyser Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen.


- Han hadde køyrt førarhytta i grøfta, og hengaren sperra vegen, fortel han.


Uhellet vart meldt inn klokka 6. Bilbergar vart varsla, og klokka 09.30 opplyser Molvær at vogntoget er fjerna frå vegbana.


- Brannvesenet driv og rydda opp då det er dieselsøl i vegbana, og eg veit ikkje kor lang tid det vil ta før vegen kan opnast att, seier Molvær.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Trafikk

Siste saker Gå til framsida