Vil utvida fylkestingssal for tolv millionar

Publisert 05.12.2018 kl. 16.30. Oppdatert kl. 16.32.

Fylkestinget vil bruka tolv millionar kroner på å pussa opp fylkestingssalen på Hermansverk. Det bestemte eit fleirtal av Ap, Sp, SV og KrF.


Firdasalen i fylkeshuset har husa fylkestinget i ei årrekkje. Det nye Vestland fylkesting vil ha så mange folk, at det ikkje vil vera plass til alle i den noverande salen.


Høgre, Venstre, Frp og Miljøpartiet Dei Grøne røysta i mot. Dei meinte det var meiningslaus pengebruk.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida