PRIS: Ungdomsbedrifta AFR Invest frå Flora vidaregåande skule var vinnar av berekraftprisen under Ungt Entreprenørskapsforum 2019. No skal fylket få fram fleire unge som vil satsa på eiga bedrift. (Foto: Ungt Entreprenørskap)

Vil få fram fleire unge entreprenørar

Samarbeider vidare om entreprenørskap i skulen.

Publisert 24.03.2019 kl. 12.00.

Fylkeskommunen held fram samarbeidet med Ungt Entreprenørskap, og vil saman få fram fleire unge entreprenørar som tør å satsa på eiga bedrift, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Fylkesdirektør for næring og kultur Jan Heggheim og dagleg leiar for Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane Holger Aasen har underteikna samarbeidsavtalen mellom fylkeskommunen og Ungt Entreprenørskap for 2019.

Signering av avtalen mellom fylkeskommunen og Ungt Entreprenørskap, ved fylkesdirektør Jan Heggheim og dagleg leiar for UE, Holger Aasen.

Viktig, haldningsskapande arbeid

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett av 950.000 kroner til samarbeid om entreprenørskap i grunnskule, vidaregåande skule og høgskule i 2019. Midlane skal gå til å vidareføra, og styrka arbeidet Ungt Entreprenørskap gjer i fylket.

- Regional plan for verdiskaping slår fast at det er viktig å halda fram det haldningsskapande arbeidet med å få fleire til å satsa på eiga bedrift. Ungt Entreprenørskap spelar ei heilt sentral rolle her, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har difor støtta Ungt Entreprenørskap gjennom mange år, seier Jan Heggheim.


Set berekraft på dagsorden

Ungt Entreprenørskap er ein del av ein landsdekkande organisasjon der visjonen er å inspirera unge til å tenkja nytt og skapa verdiar. Arbeidet skjer i eit omfattande partnarskap mellom offentlege og private aktørar.

- I 2019 vil me legga enno større vekt på aktivitetar som set berekraftutfordringane på dagsorden. Me vil ha aktivitetar i heile fylket med mål om å utvikla nye innovative, klimavenlege og berekraftige løysingar og verksemder, seier Holger Aasen.

Frå 2019 har fylkeskommunen lagt inn 50 000 kroner ekstra frå klimamidlane i samarbeidsavtalen. Dette er øyremerka klimaprisar, føredrag om berekraftperspektiv og å senda ei ekstra bedrift med tyngde innan klima, berekraft og miljø til NM for ungdomsbedrifter.


Siste saker Gå til framsida