Vil betra miljøtilhøva i ny konsesjon

Publisert 10.01.2018 kl. 19.28.

- Slepp av minstevassføring på prioriterte elvestrekningar vil vera eit nødvendig vilkår i ein ny konsesjon for Fortun-Grandfasta-reguleringane, skriv Fylkesmannen i ei pressemelding.

Hydro Energi AS har søkt om fornya konsesjon for Fortun-Grandfasta-reguleringane. Konsesjonen som no er utgått vart gitt på ei tid då natur og friluftsliv var tillagt mykje mindre vekt enn i dag, og det har ikkje vore krav til slepp av minstevassføring utover eit skjønsfastsett krav for elvestrekninga nedstraums utløpet av det største kraftverket, Skagen kraftverk. Kraftverka produserer ei monaleg mengd fornybar og klimavenleg energi, og har stor samfunnsnytte.

- Me meiner det er nødvendig å modernisera vilkåra i ein ny konsesjon, for å betra miljøtilhøva og bringa dei meir i tråd med dagens miljøstandardar. Dei viktigaste avbøtande tiltaka som må inn i ein ny konsesjon er minstevassføring på lakseførande strekning, og på nokre andre prioriterte elvestrekningar. Behovet for minstevassføring er vurdert og konkret foreslege for ulike elvestrekningar i konsekvensutgreiingane, heiter det i pressemeldinga.

Fylkesmannen er høyringspart for søknader om vasskraftutbyggingar. Fylkesmannen skal vurdera om prosjektet får konsekvensar for viktige allmenne interesser, eller for andre av våre ansvarsområde. Konsesjonssøknaden skal avgjerast av Olje- og energidepartementet, etter utgreiing og innstilling frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).