Viktig førebygging mot pærebrann

Publisert 08.09.2019 kl. 18.53.

Plantesjukdommen pærebrann har dei siste åra etablert seg mange stader i landet.

- Me vil førebyggja at pærebrann spreier seg til viktige fruktdistrikt i Sogn og Fjordane. Difor er me i gang med å fjerna planter som er lett mottakelege for pærebrann, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Mattilsynet sine eigne inspektørar, saman med mannskap dei har leigd inn, jobbar no med å registrera vertsplanter for pærebrann i ditt nabolag.

- Nokre av buskene i hagen din er kanskje merka med blå måling? Det er me som har merka dei, og desse må kuttast ned. Om kort tid startar folka våre å fjerna desse plantene, melder Mattilsynet.


Les meir om: Nyhende Notis Frukt og bær