FÆRRE: I august mista sju livet i trafikken her i landet, noko som fem færre enn i tilsvarande månad i fjor. (Illustrasjonsfoto)

Vestlandet hardast råka i sommartrafikken

30 personar mista livet på norske vegar i sommar.

Publisert 04.09.2018 kl. 07.57.

Dette er to færre enn i dei tre sommarmånadane i fjor, syner Statens vegvesens førebelse gjennomgang av sommarulukkene.


Rogaland og Hordaland har vore hardast ramma denne sommaren med fem trafikkdrepne kvar. Buskerud og Sogn og Fjordane hadde begge tre dødsulukker.


Oslo, Finnmark, Vest-Agder, Trøndelag og Telemark er dei einaste fylka som ikkje har hatt ei einaste dødsulukke i sommar.

HØGE MÅL: - Me har sett oss høge mål. Skal me nå desse, kan me ikkje kvila på laurbæra, seier Guro Ranes i Statens vegvesen. (Foto: Statens vegvesen)

- Meir enn statistikk

I august mista sju livet i trafikken, noko som fem færre enn i tilsvarande månad i fjor.


- Men dette handlar om langt meir enn tal og statistikk. For kvar enkelt ulukke er ein stor tragedie for dei som vert ramma. Sjølv om dødstala har gått ned, har me diverre ikkje den same positive utviklinga i talet på trafikkulukker og utviklinga av hardt skadde i trafikken. Me ligg etter dei ambisiøse måla som er sett, seier Guro Ranes i Statens vegvesen.


19 menn og 11 kvinner omkom i trafikken i årets tre sommarmånader. 15 omkom i personbil, mens 11 omkom på motorsykkel.


Sommarulukkene er dominerte av utforkøyrings- og møteulukker.


63 hittil i år

I løpet av dei åtte første månadene i 2018 har 63 omkomne i trafikken, noko som er fire færre enn på same tidspunkt i fjor.


Finnmark er det einaste fylket som ikkje har hatt nokon trafikkdrepne så langt i år, syner tala frå vegvesenet.


I 2017 omkom 106 menneske i trafikken trass i relativt mange drepne i oktober, november og desember. Held 2018 fram slik året har byrja, kan det ifølgje Vegvesenets sin prognose bli under hundre drepne i år. 


- Me kan vera på veg mot dei lågaste tala på 71 år. Me må tilbake til 1947 - då 94 omkom - for å finna tilsvarande låge tal, seier Ranes.


I verdstoppen

I 2018 var Noreg for tredje år på rad det beste trafikktryggleiksland i Europa med færrast drepne i trafikken per innbyggjar og lågast ulukkesrisiko.


- Me har sett oss høge mål. Skal me nå desse, kan me ikkje kvila på laurbæra. Det held rett og slett ikkje å berre halda fram i same spor. Me må jobba enda meir målretta, systematisk og heilskapleg. Samtidig er me heilt avhengige av å tileigna oss og ta i bruk ny kunnskap undervegs, seier Ranes.


Les meir om: Nyhende Trafikk