UROA: Tala frå Budsjettnemda for jordbruket er alarmerande for landbruket, meiner Anders Felade, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. (Pressefoto)

Ventar inntektsnedgang for bøndene - pluss for frukt og bær

- Det er alarmerande for norsk landbruk.

Publisert 13.04.2019 kl. 11.58.

Det seier fylkesleiar Anders Felde. Tala frå Budsjettnemda for jordbruket syner inntektsutviklinga i næringa.  Denne utviklinga vert lagt til grunn for kvart jordbruksoppgjer. I ei pressemelding skriv Sogn og Fjordane Bondelag at den ferske prognosen frå Budsjettnemda syner at jordbruket kan venta ein berekna inntektsnedgang på 23.500 kroner per årsverk i 2019. Andre grupper i samfunnet har ein berekna inntektsvekst i 2019 på 18.200 korner.

- Overproduksjon, svak prisutvikling på maten vi produserer, auka kostnadar og tørkesommaren 2018 gjer at inntektene går ned, seier Felde.
Han viser til at om ein ser konkret på prognosane for inntekta i 2019 for Vestlandet, så syner referansebruka innan mjølk ein auke i  inntektene på om lag 10.000 kroner, medan ein ser ein nedgang på inntektene for sauebruka på om lag 5.000 koroner.

- Vestlandsbonden er blant dei som ligg lågast i inntekt, difor er det viktig at me får gjort eit løft på inntektene.


Lyspunkt

Men bondelagsleiaren trekkjer fram eit lyspunkt.

- Gardsbruk som driv med frukt og bær har god inntektsutvikling, fortel Felde.  
Budsjettnemda sine referansebruk syner ei forventa inntekt på 449.300 kroner. Per årsverk i 2019, opp frå 384 600 kroner i 2017.
- For frukt og bær går det i pluss, og det er positivt. Me produserer mykje bringebær her i fylket, og der er heller ikkje inntektsutviklinga god, men så presise er ikkje tala som vart lagt fram i dag, seier Felde.


- Viktig verkemiddel

Han seier jordbruksoppgjeret handlar om beredskapen for å forsyna den norske forbrukaren med mat, at det handlar om mattryggleik, at det handlar om 50.000 arbeidsplassar i norsk næringsmiddelindustri og om eit landbruk som nyttar areal over heile landet.

- Inntekt er det viktigaste verkemiddelet for at norske bønder skal greia å levera dette i framtida. Gapet i inntekt mellom andre grupper og bøndene har auka i 2018, og det er avgjerande at me no greier å snu utviklinga, seier Felde.
Han seier det er avgjerande at ein får verkemiddel til å regulere marknaden godt, slik at den kjem i balanse.  

- Det er også naudsynt at politikarane prioriterer budsjettpengar for å løfta inntekta til norske bønder.


Les meir om: Nyhende Landbruk