GJERDER: Vegvesenet oppmodar til å fjerna gamle gjerder frå vegkantane. (Foto: Statens vegvesen)

Vegvesenet oppmodar til gjerde-sjekk

Netting og strengar kan vikla seg inn i kantslåmaskina.

Publisert 14.05.2019 kl. 12.12.

Statens vegvesen oppmodar grunneigarar med gjerde langs veg til å ta ein sjekk på gjerda, utbetra dei som er nedslitne og fjerna gjerde som ikkje lenger er i bruk. Det vil gjera jobben lettare for dei som driv kantslått langs vegane, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

- Me har også hatt mange uhell med at gjerdenetting og stålstreng ligg i graset og viklar seg inn i kanstlåttmaskina. Dette er svært farleg for den som sit i kanslåttmaskina, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Driftsentreprenørane som driv kantslått har kvart år problem med dårlege gjerde som står lang riks- og fylkesvegar. No går me inn i vekstsesongen for gras, buskar og kratt.

KANTSLÅTT: Driftsentreprenørar har fått problem med strengar og nettingar når dei skal bruka kantslåmaskina langs vegane. (Foto: Statens vegvesen)

Nokre gjerde står til nedfalls

- Det hadde vore fint om dei som har gjerde langs veg tek seg ein runde for å sjå til gjerda, gjer naudsynt vedlikehald og eventuelt fjernar gjerde som ikkje er i bruk. Mange held gjerda sine godt og passar på, men nokre gjerde står til nedfalls og vert ikkje vedlikehalde. Nokre stader haller gjerda inn mot vegen og hindrar kantslått og gjer det vanskeleg for oss å få fine vegkantar. Og nokre stolpar står som spyd inn mot vegen og kan utgjera ei fare, seier Karlsen.

Vegvesenet viser til «Forskrift om gjerde ved offentleg veg». Der står det mellom anna at gjerde langs veg skal vedlikehaldast forsvarleg. Stolpane skal stå vertikalt med maks 2,5 meters avstand og tråd og netting skal vera godt stramma. Det er ulovleg å bruka gjerde med piggtråd inn mot veg. Også steingjerde skal vedlikehaldas, og utbetrast om det er behov. Elektrisk gjerde skal vera montert etter krav frå DSB. Plasseringa av gjerde er normalt i grensa mellom veggrunn og naboeigedomen.


Les meir om: Nyhende Landbruk Trafikk