Vegen i Esebotn er opna att

Publisert 15.02.2018 kl. 13.34.

Klokka 12 vart fylkesveg 55 i Esebotn i Balestrand opna att.

- Ferjene går ikkje lenger i kriserute, men er i normal drift, opplyser Roger Nedberge Hille på Vegtrafikksentralen.

Han opplyser at det berre var eit lite ras som hadde kome ned i Esebotn, men at dei måtte ha folk på staden til å sjå på det før dei kunne starta arbeidet med å rydda det.

 
 
På fylkesveg 13 på Meland i Balestrand har det gått eit stort ras, og her blir vegen ikkje opna torsdag, opplyser vegvesenet.