Torsdag kveld står eit vedskjul i Flåm i full fyr. (Foto: tipsar)

Vedskjul stod i full fyr

Det var ikkje fare for spreiing til andre hus.

Publisert 18.04.2019 kl. 23.07. Oppdatert kl. 23.44.

Vest politidistrikt melder på Twitter klokka 23.03 torsdag at det brenn i eit vedskjul i Flåm. 


- Det er eit vedskjul i Ryavegen som brenn. Det står 10 meter frå bustadhus, opplyser vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen.


Brannvesenet er på plass på staden. 


- Det ser ikkje ut som at det er fare for at brannen skal spreia seg til bustadhuset, seier Holvik.


Ved 23.40-tida opplyser Holvik at det brenn godt i vedskjulet, men at brannvesenet har sikra at brannen ikkje sprer seg til andre bygningar i nærleiken. 


Les meir om: Nyhende Aurland