Vask og vegmerking i tunnelar

Publisert 17.06.2019 kl. 07.13.

I tillegg til større oppgraderingsarbeid som går føre seg i fleire tunnelar i Sogn, blir det måndag sett i gang kortare arbeid i fleire tunnelar i regionen.


I Vassbygdtunnelen på fylkesveg 50 i Aurland blir det frå måndag kveld til fredag morgon manuell dirigering på grunn av tunnelvask. Arbeidet vil går føre seg om kvelden og på natta, frå klokka 18 til 07 neste dag, vert det opplyst.


I Timreskredtunnelen på fylkesveg 53 på strekningen Fodnes-Årdal kan det stengt i periodar på inntil 20 minuttar 08 til 10 måndag.


I Kolnostunnelen og Finnsåstunnelen på same vegstrekingen kan det bli stengt periodar på inntil 20 minuttar frå klokka 09 til 13 måndag.


Det skal gjerast vedlikehaldsarbeid på elektriske installasjonar, opplyser Vegtrafikksentalen.


I Seimsdalstunnelen på fylkesveg 303 kan det bli stengt i periodar på inntil 20 minuttar på grunn av vegmerkingsarbeid frå klokka 12 til 15 måndag.


Les meir om: Nyhende Aurland Notis Årdal