Varslar moderat snøskredfare siste dagen med skredvarsling

Publisert 31.05.2019 kl. 07.32.

Fredag er det meldt om moderat snøskredfare i Indre Sogn. 


Varsom.no opplyser at det lokalt vil vera ustabile forhold, og at nysnø og vind har danna nysnøflak i høgden.


Folk vert oppmoda om å vera forsiktige i bratte heng under og etter snøfallet til nysnøen har stabilisert seg.


Ein enkelt skiløpar kan løysa ut middels store skred, vert det opplyst.


Det gjeld også i Jotunheimen, der det også er meldt om moderat snøskredfare.


Skredvarslinga for sesongen 2018/2019 vert avslutta fredag. Varslingsstart for neste sesong er 1. desember.


Siste saker Gå til framsida