SNØ: Slik såg det ut ved Sognefjellshytta onsdag morgon. Natt til torsdag er det også venta snø. (Skjermbilete frå webkameraet til Statens vegvesen)

Varslar meir snø natt til torsdag: - Kan bli interessant

Fylkesveg 55 over Sognefjellet var nattestengd natt til onsdag og vil vera stengd natt til torsdag.

Publisert 03.07.2019 kl. 21.11.

- I dag tidlig var det full vinter fra 1000 meter og oppover. Det har vel kanskje skjedd tidlegare, men det er mange år mellom kvar gong, seier Torstein Nordal til NTB onsdag melder Dagbladet.


Han eig og driv Nordal maskin, som står for brøytingen på Sognefjellet.


Ifølgje Nordal var det onsdag kveld berr asfalt på Sognefjellet, men han peiker på at med vêrmeldingar som varslar opptil 17 centimeter snø, kan det blir ein interessant morgon torsdag.


- Då kan det bli morosamt med bubil- og campingturistar med sommerdekk.