Varslar betydeleg snøskredfare i Jotunheimen

Fersk fokksnø gir ustabile forhold.

Publisert 07.03.2019 kl. 19.24. Oppdatert kl. 06.54.

Snøskredfaren i Jotunheimen vil vera betydeleg dei komande dagane, melder varsom.no.


Det er meldt om lokalt ustabile forhold med fersk fokksnø. - Hald god avstand til skredterreng og utløpsområde. Det er høgast faregrad sør i regionen, opplyser varsom.no.


Medan det er meldt om faregrad 3 i Jotunheimen, er det varsla moderat fare, grad 2, i Indre Sogn. 


Her vil vindauke føra til aukande skredfare. Det blir tilrådd å unngå leområde der det samlar seg fersk fokksnø.


I Indre Fjordane går skredfaren frå betydeleg til moderat frå torsdag til fredag.


- Det kom mindre snø enn meldt torsdag og det er difor nysnø og vind fredag som vil påverka skredfaren. Nysnøflak blir skredproblemet, hovudsakeleg i heng som vender mot sør, melder varsom.no


 


 


 


Siste saker Gå til framsida