PÅ TOPPEN: Jubel på Tylderingen i Sogndalsdalen. (Foto: Eli Sofie Amdam)

Vann festivalpass med dette biletet

Då Eli Sofie Amdam leita fram bilete frå tida ho budde i Sogn, fekk ho skikkeleg heimlengt.

Publisert 10.02.2017 kl. 16.41.

Sogn Avis har i samband med Fjellsportfestivalen arrangert ein fotokonkurranse med tema «Vinterleik i Sogn».

TOGGA: På tur til Togga i Sogndalsdalen. (Foto: Marina Eriksson)

På toppen

Eli Sofie Amdam var mellom dei som sende inn bilete. Ho budde tidlegare i Sogndal og håpa deltaking i konkurransen ville gje ho festivalpass til årets utgåve av Fjellsportfestivalen - slik at ho kan kosa seg på ski i heimlege trakter.


Det ønsket får ho oppfylt: Biletet av jubel på toppen er plukka ut som vinnar av konkurransen, og Amdam får to festivalpass i premie.


 

DRAUMEDAG: Laussnø og nydeleg lys. (Foto: Marthe Helseth Hansen)

Nyta naturen

Marina Eriksson er plukka ut som vinnar av eitt festivalpass og ein guida tur/kurs, medan Marte Helseth Hansen vinn eitt festivalpass.


Me takkar alle innsendarane, som har synt gode døme på korleis me kan nyta sognenaturen om vinteren.


Fjellsportfestivalen går føre seg frå 22.-26. februar.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Sogndal