Både Venstre og KrF får plass i Sogndal formannskap

Semje om valteknisk samarbeid i nye Sogndal.

Publisert 13.09.2019 kl. 20.00. Oppdatert kl. 20.02.

Det vart klart valnatta at opposisjonspartia Høgre og Ap fekk ein representant kvar i formannskapet. No er det óg gjort avtalar for stemming ved konstituering slik at Frode Bøthun frå KrF og Trude Risnes frå Venstre får plass i formannskapet, opplyser Venstre og KrF i ei pressemelding.


FrP blir første vara for KrF, medan Ap blir vara for Venstre sitt mandat.


Allereie valnatta gjorde KrF og Venstre det klart at dei var innstilte på eit samarbeid med Senterpartiet og fremja Trude Risnes som varaordførar. Desse partia ville hatt fleirtal i kommunestyret og formannskapet. Då Senterpartiet valde å gå i samarbeid med SV, gjekk Venstre og KrF i forhandlingar med resten av opposisjonen om eit valteknisk samarbeid om formannskapsplassane.


 


Brei representasjon

Risnes og Bøthun er glade for at opposisjonspartia fann fram til eit godt resultat som gir brei representasjon av parti i formannskapet.


- Me ser fram til å arbeida godt og konstruktiv med alle parti i kommunestyret for å utvikla Sogndal til å bli eit tyngdepunkt i nye Vestland, med gode tenester nær innbyggarane, og ein offensiv nærings- og samfunnsutvikling, seier Bøthun.


- Me vil også arbeida for opne prosessar i kommunen, og syta for at innbyggarane blir involverte, seier Risnes.


Begge seier dei skal jobba for fleire lærarar i skulen, og sikra tidleg og samordna innsats for borna som treng det mest heller enn gratis skulemat.


Siste saker Gå til framsida