DÅRLEG VÊR: Laurdag er det stengd eller kolonnekøyring på fleire fjellovergangar, her frå Hemsedalsfjellet. (Foto: Statens vegvesen)

Uvêr stengjer fleire fjellovergangar

Publisert 23.03.2019 kl. 07.00. Oppdatert kl. 09.46.

Dårleg vêr fører til svært vanskelege tilhøve på fjellovergangane.


Frå laurdag morgon er stoda slik:


Fv. 50 Aurland-Hol er stengd.


Fv. 53 Tyin-Årdal er stengd.


Rv. 13 Vikafjellet er stengd, og blir ikkje opna søndag. Det blir ny vurdering måndag klokka 10.


På rv. 52 Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring.


Laurdag formiddag var det innført kolonnekøyring og styrt trafikkavvikling på E16 over Filefjell.


Les meir om: Nyhende Uvêr Trafikk