Utanlandske jordbær sel som aldri før

Publisert 25.05.2019 kl. 14.08.

Aldri før har sogndølene kjøpt meir jordbær til 17. mai enn det dei gjorde i år, skriv Coop i ei pressemelding. - Berre på 16. mai i år selde me 329 korger med jordbær. Det er ein auke på over 30 prosent samanlikna med same dag i fjor, seier vikarierande butikksjef Stine Sætre ved Coop Prix Sogndal. I fjor selde butikken 251 kurver den same dagen.


Butikksjefen seier at det er blitt seld mykje meir jordbær hittil i år enn i fjor. - Sidan slutten av april har me seld 1.117 korger med jordbær. I same periode i fjor selde me 142 korger, smiler ho.


Nordmenn et i snitt over fire kilo jordbær i året. Den største delen et me under den norske jordbærsesongen som varer frå rundt Sankthans til midten av august. Jordbær er den viktigaste bærveksten i Norge, og kvart år blir det produsert i overkant av 8.000 tonn i Norge, ifølgje SSB.


Fram til dei norske jordbæra er modne, er det stort sett bær frå Nederland, Belgia og Spania som fyller norske butikkhyller. Sidan 2012 har importen av jordbær vore større enn den norske produksjonen, og nordmenn kan i dag nyte friske jordbær gjennom hele året.


Les meir om: Nyhende